Aktiviteter
Opp

 

AKTIVITETAR -  UTFLUKTER

 

På Hafslo er det flotte forhold for friluftsliv og rekreasjon. Her kan ein gå mange fine turar i fjellet både dei spreke, og dei som ikkje er fult så spreke. Er du fiskeinteressert er dette verkeleg ei perle! Hafslo-vatnet har fin fjellaure som egnar seg svært godt til grilling på hytta!

 

Vinterstid er Sogn skisenter ei perle for alle ski interesserte. Flotte langrennsløyper, langt skitrekk, fleire flotte løypetrasear, og gratis barnetrekk.

Hafslo er eit glimrande utgangspunkt for utflukter.  Med ein times køyring i ulike retningar kan du få med deg det meste.

Flott natur med fjord, fjell og bre,

Museum, kunstutstillingar, og ikkje minst stavkyrkje

Kjøpesenter, kino og restaurantar om du ynskjer det. 

 

I  Jostedalen er Nigardsbreen og Breheimsenteret eit naturleg stopp. Her kan du og få guida turar på isen  med Jostedal breførarlag. Vil du ha ein rolegare tur i brelandskap der det ikkje er så mykje folk, reiser du til Veitastrond og Austerdalsbreen. På Tungestølen er det ei bemanna turisthytte der du får flott service.

 

Jotunheimen er heller ikkje langt vekke. Ein times biltur langs den flotte Lustrafjorden, og nokre spanande svingar oppover, så er du høgt til fjells! Nye Turtagrø hotell er vel vert eit besøk. Her frå kan du sjå, og for dei som ynskjer det også gå til mange av dei høgste toppane i landet.

 

Urnes stavkyrkje er den eldste i landet. Ti minutts biltur, og ti minutts ferjetur så er du der.

Kyrkja ligg flott til med nydeleg utsyn over fjorden mot Solvorn.

I Solvorn er eit besøk på Walaker hotell og galleri Walaker å anbefale. I tillegg har Solvorn ei flott badestrond der det kryr av folk sommarstid.

 

 Dei Heibergske samlingar på kaupanger er eit museum med mange flotte utstillingar, og med eit spanande uteområde. Her er det noko for kvar ein smak.

 

Villakssenteret i Lærdal får du Laksefisket i Lærdalselva sin historie. I tillegg får du vite meir om villaksen sine vandringar og liv. Dette på ein flott film!

 

Sogndal er næraste tettstaden til Hafslo. Her har du Sogningen storsenter som er eit kjøpesenter med alt du treng.

Her er hotell, restaurantar, kino og diskotek for dei som ynskjer det.