Hafslo
er ei jordbruksbygd med busetnad rundt det vakre og fiskerike
Hafslovatnet.
Hafslo
har om lag 1100 innbyggarar. Her er butikk med post, bakeri, hotell,
pizza restaurant/pub, og kro. Her er fine forhold for friluftsliv og
ikkje minst sportsfiske. ”Hafslo-besten” er auren som enno ikkje
er teken!
Hafslo
er eit glimrande utgangspunkt for utflukter til ulike aktivitetar. Med
mindre enn ein times biltur kan du nå alt frå kjøpesenter til
fjelltoppar, fjord og bre. Dette les du meir om på aktivitets sida vår.
Vinterstid
er Hafslo ei perle for skifolk. Sogn skisenter har velpreparerte
langrennsløyper, Noregs lengste samanhengande trekk med tilhøyrande
fine bakkar, og eige barnetrekk med fine tilhøve for dei minste.